Hopp til hovedinnhold

Pollenanalysar

Ved å studere gamalt pollen kan vi lære mykje om fortida. Her kan du lese om korleis pollenanalysar har vore viktige for å forstå historia i Nordhordland.

Kva er pollen?

Har du lagt merke til den gule støvet som legg seg på vindauge, hagebord, fjordar og bilpanser seint på våren kvart år? Dette er furupollen, som i eit mikroskop liknar litt på hovudet til Mikke Mus. Nesten alle plantar produserer pollen, og dei har alle kvar sin unike utsjånad i eit mikroskop. 

Eit naturleg arkiv

Mange artar, slik som furu, fleire artar av lyng og alle artane av gras, har vindpollinering. Då blir store mengder pollen spreidd med vinden. Noko av pollenet landar på blomen til ein artsfrend slik at denne blir pollinert, og resten legg seg rundt om i landskapet (inkludert i nasa på pollenallergikarane). Når pollenet landar på ei vassoverflate vil det etter kvart søkke og legge seg i eit tynt lag på botn. Samansettinga av dette pollenlaget reflekterer vegetasjonen i området: i eit landskap med skog er det mest pollen frå tre, medan det er mykje graspollen i det opne landskapet. Fordi pollenet til kvar art har ein unik og karakteristisk utsjånad kan pollenlaget på botnen fortelje kva artar det er mykje og lite av i landskapet rundt.
Over tid renn jord og organisk materiale ut i innsjøar og tjern, og sedimentlaget på botn blir gradvis tjukkare. Pollenet ligg saman med dei andre sedimenta, og etter mange år er botn blitt som eit arkiv, der ein kan grave seg nedover og bakover i tid.

Pollenanalysar

Å undersøke fortidas vegetasjon ved å studere pollenet i slike sedimentlag blir kalla pollenanalysar. På botn av innsjøar, eller i ei myr, kan forskarar bore opp ei sedimentkjerne og undersøke samansettinga av pollen. Ved å datere materiale som ligg på same sedimentlag, til dømes ein trebit, kan ein stadfest kor gamalt pollenet er. Fordi ulike plantar trivast i ulikt klima kan ein også få ei viss forståing av fortidas klima gjennom pollenanalysar.

  • 1/1

Pollendiagramet over er frå Grønevasstjørn på Fedje. Dei svarte felta presenterer pollenmengder. Her kan ein sjå at det var lauvskog i området fram til om lag 4 000 år sidan. Etter dette vert det gradvis mindre trepollen i prøvane, samstundes som pollen frå gras og lyng aukar. I tillegg til pollen finn forskarane også mykje kolstøv i prøvane parallellt med at mengda trepollen vert redusert. Til saman fortel dette ei viktig historie om landskap og levevis. Menneska som levde her for om lag 4 000 år sidan opna opp det skogkledde landskapet for å fremme lyngheier som er gode beiter for husdyr. Eld var eit viktig reiskap som hjalp til med å fjerne stubbar, busker og kratt, og gav friskt gras og lyng i staden. 

Kystlyngheiene i Nordhordland

På denne måten kan ein få viktig kunnskap om menneska som har vore her før oss, utan å vere avhengig av skriftlege kjelder. Pollenanalyser frå kysten av Nordhordland syner stor variasjon i når menneska har opna landskapet frå skog til lynghei. Dei eldste lyngheiene i vår region er nesten 5 000 år gamle, medan dei fleste er langt yngre: 1 000 - 2 000 år gamle. Dei eldste lyngheiene ligg ytst langs kysten, for det var sjøen som transportåra heilt fram til moderne tid. Etterkvart som det vart fleire menneske tok ein meir av landet i bruk.

Oppsummering frå vandreutstillinga:

  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1