Arbeidstittelen er "lokal produksjon", og programmet tek form. Vi kan snart slippe nokre foredragshaldarar og eit meir spissa tema. I år som i fjor, og som alltid, fokuserer Ullveka på ull og berekraft, og tenker konferansedagen som ei forlenging av samlinga som sparka i gong prosjektet "Innovating Norwegian Wool" hos Tekstilindustrimuseet torsdag 06.juni; Ullovasjon Norge 2024.
I tillegg til lokale og regionale bidragsytarar får vi besøk frå
- KraftUll
- Fårfesten i Kil
- OsloMet ved professor Ingun Grimstad Klepp,
som har god kjennskap til bruk- og produksjon av ullprodukt i vår region gjennom forskningsprosjekt gjennomført i Nordhordland.
Påmelding her: Velkomen til Ullvekekonferansen 2024 (office.com)
Stad: Lyngheisenteret
Tid: 09.00-15.30
Pris: 390,-
Arr: Ullveka