Hopp til hovedinnhold

Klokkelyng

Klokkelyngen, saman med purpurlyngen, er åleine som norsk representant for den store klokkelyngslekta som på latin heiter Erica. Det er eit eldgamalt plantenamn som kjem av Ereike, som var namnet på klokkelyng alt i det gamle Hellas. Erica er ein svær planteslekt med over 800 artar, men nesten 700 av dei veks berre langs sørkysten av Afrika. I Europa er det likevel meir enn 100 artar å halda styr på, dei fleste finn vi kring Middelhavet og langs kysten av Atlanterhavet i Sør-Europa. Dei kan ha mange ulike fargar, og lyngheiane i Sør-Europa er difor langt meir fargerike enn vi er vane med hjå oss. Nordetter i Europa tynnast det ut med klokkelyngartar, i Storbritannia har dei fem, medan det i Danmark og Sverige berre veks vanleg klokkelyng.

  • 1/1

Klokkelyng er hjå oss ein myrplante som veks langs kysten og litt inn i landet frå Oslofjorden til Trøndelag. I lyngheiane veks den ikkje berre på myr, men i fuktig hei -- ja stort sett dei fleste stader med unnatak av sørvende tørrbakkar. Når klokkelyngen er heilt ung kan den somme stunder forvekslast med krekling. Men der kreklingen har heil snaue blad med ei kvit stripe på undersida har klokkelyngen mange små hår på bladet -- store nok til at du kan sjå dei med det blotte auge.

Klokkelyng har raudrosa blomar og startar bløyminga kring midten av juli. Klokkelyngen spirar villig etter lyngsviing, men vert svekka og forsvinn til slutt heilt når landskapet veks att. Det vil rett nok vera litt klokkelyng att ute på store myrar, men ikkje i same mengd som på ope hei, og ikkje der skogen står tett. I ope hei er både klokkelyng og purpurlyng store nektarprodusentar. Difor kjem ofte birøktarane med kubane sine ut i lyngheiane alt i byrjinga av juli for å få med seg denne bløminga, sjølv om det kan vera ein månad å venta før røsslyngen kjem i gang for fullt. I gode år skiftar dei gjerne vokstavlane i kubane nett når røsslyngbløminga tar til. Det dei då kan slyngja ut av tavlane er nesten rein klokkelyng/purpurlynghonning. Dette er noko av det mest eksklusive norske honningprodusentar har å by på — flytande, gyllen og velsmakande grøde frå lyngheiane.

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1