Hopp til hovudinnhald

Beredskapsgruppa

Musea i Vestland har etablert ei felles beredskapsgruppe som kan hjelpe til med å avgrense skadeomfanget knytt til akutte krisesituasjonar som brann, flaum, lekkasje o.l. Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsbiblioteket, Fylkesarkivet og Bergen Byarkiv er også med i gruppa. Alle institusjonane som er medlemer har signert ein gjensidig forpliktande avtale.

I 2013 blei det etablert ei felles beredskapsgruppe for museum og arkiv i Vestland. Gruppa har som mål å legge til rette for auka medvit, samarbeid og erfaringsutveksling mellom medlemsinstitusjonane på områder knytt til beredskap. Alle institusjonane som er medlem har signert ein gjensidig forpliktande avtale om å hjelpe kvarandre med mannskap og utstyr når krisesituasjonar oppstår. Målet med dette er å avgrense skadeomfanget knytt til akutte krisesituasjonar som brann, flaum, lekkasje o.l. Bergen Brannvesen har også ein representant i gruppa.

For å sikre god kommunikasjon og informasjonsflyt i den større beredskapsgruppa, er det oppretta eit arbeidsutval, kalla beredskapsutvalet. Beredskapsutvalet består av ein kontaktperson frå kvar av medlemsinstitusjonane. Utvalet møtest fire gangar i året for å utveksle erfaringar og diskutere relevante problemstillingar. 

Beredskapsutvalet arrangerer også ein årleg fagdag. Fagdagen er open for alle dei ansatte i medlemsinstitusjonane, og skal bidra til medvit om beredskap i kvardagen.  Målet er å byggje opp kompetansen i medlemsinstitusjonane slik at alle skal kunne hjelpe til om ein av institusjonane blir ramma av ei akutt krise som kan skade samlingane. Bevaringstenestene er sekretariat for utvalet og har ansvar for gjennomføring av fagdagen.

Utvalet ledast i dag av Kine Haug Skjoldli, på vegne av Bevaringstenestene.

 

Følgande institusjonar er medlem av gruppa:

    • Baroniet Rosendal
    • Bergen Byarkiv
    • Bymuseet i Bergen
    • Hardanger og Voss Museum
    • KODE
    • Kraftmuseet
    • Musea i Sogn og Fjordane
    • Museumssenteret i Hordaland
    • Museum Vest
    • Nasjonalarkivet Bergen
    • Sunnhordland Museum
    • Universitetsbiblioteket v/Spesialsamlingene
    • Universitetsmuseet i Bergen
    • Fylkesarkivet i Vestland