Hopp til hovudinnhald

Velkommen til Bevaringstenestene!

Vi yter tenester til offentlege og private eigarar av historiske gjenstandar.

  • Konservator fester løse deler på en skutemodell
    1/1
    Konservering av skipsmodell Bevaringstenestene

Berekraftig bevaring, kunnskap og kompetanse

Bevaringstenestene er navet innan konservering og bevaring for dei konsoliderte musea i Vestland, og har ansvar for eit fellesmagasin. Vi tilbyr ei rekkje kurs retta mot museumstilsette i mellom anna IPM (integrert skadedyrkontroll), bevaring av plast, handtering av muggangrep i samlingane, samt gjenstand- og tekstilhandtering.

Våre dyktige konservatorar konserverer og restaurerer ei rekkje materialtypar, som tekstilar, metall, skinn, tre, glas og bein for museum, privatpersonar, institusjonar og kyrkjer.

Vi utfører tilstandsvurderingar av gjenstandar og verk i samband med utstillingar, og kan gje råd om ulike utstillingsmetodar.

Kontakt oss gjerne for råd og rettleiing om bevaring av tekstilar, gjenstandar og historiske interiør.


Bevaringstenestene har ikkje ei eiga samling og tek derfor ikkje imot gjenstandar. Ta kontakt med ditt lokale museum dersom du ønskjer å donere ei gåve til samlingane. 


Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2