Hopp til hovedinnhold

Brukarforum

Eit forum for musea i Hordaland – brukarane av Bevaringstenestene.

Brukarforum for Bevaringstenestene er eit utval ssom Hordaland fylkeskommune etablerte i 2014 for å representere interessene til dei konsoliderte musea overfor Bevaringstenestene. Utvalet har ein representant frå kvart av dei åtte konsoliderte musea og ein representant frå Vestland fylkeskommune.

Retningsliner

Brukarforum skal sjå til at Bevaringstenestene tener musea sine interesser og behov på beste måte, både når det gjeld fellesmagasin, konservering (førebyggande og direkte), råd og rettleiing. Brukarforum drøftar òg den vidare utviklinga av Bevaringstenestene.

Brukarforum vert drifta av Bevaringstenestene, som kallar inn til møte minst ein gong i året.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1