Bevaringstenestene er navet innan konservering og bevaring for dei konsoliderte musea i Vestland, og har ansvar for eit fellesmagasin. Vi tilbyr dokumentasjon og innflytting av samlingar i magasinet, og tilbyr også støtte og hjelp i ulike oppgåver knytt til samlingsforvaltninga ute i musea. Dette kan til dømes vere hjelp kring utstillingar, klimakontroll, verdibergingsplanar eller reingjering av historiske interiør. Vi har også ei rekkje kurs for museumstilsette i handtering og bevaring av ulike materialtypar, og skadedyrkontroll.
For musea
Vi arbeider til det beste for museumssamlingane i Vestland.