Gjenstandskonservering

Konservering av gjenstandar rommar eit breitt spekter av materialar, mellom anna metall, skinn, tre og bein. Bevaringstenestene konserverer alt frå keramikkvasar og trebollar til interiør og utandørs statuer, og har spesialkompetanse på konservering av møblar. Vi arbeider ofte i atelieret i Salhus, men kan også reise for å utføre arbeid andre stadar.

  • Forsterking av ornament på toppen av eit speil (Foto/Photo)
    1/1
    Konsolidering av ornament på speil

Vi kan mellom anna utføre:

  • reinsing 
  • konsolidering /liming av skadar 
  • fylle inn manglande delar 
  • retusjering 
  • rådgjeving for vidare bevaring 

reingjering av maleri (Foto/Photo)

Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod!