Hopp til hovedinnhold

RE-ORG

Museumssamlingar både i Vestland og verda elles veks i raskt tempo, men ressursane til å ta vare på dei gjer ikkje det same.

Ta kontroll over magasinet

Dei fleste museumsmagasina verkar overfylte, og gjenstandane er stua tett saman. Dei kan fort bli forveksla med andre ting som blir oppbevart i magasinet: utrangert kontorutstyr, utstillingsutstyr og ting som er plassert der i mangel på ein annan eigna oppbevaringsstad. På grunn av tidsmangel og få ressursar hopar samlingsarbeidet seg ofte opp, slik at katalogar og register ikkje er oppdaterte og utfyllande.

Dersom det oppstår brann eller flaum i eit slikt magasin er det vanskeleg å setje inn tiltak, fordi ein ikkje har oversyn over kva som er der, om nokre gjenstandar er viktigare enn andre, eller inneheld helsefarlege stoff. Slike samlingar blir av UNESCO definert å vere i fare, men ofte kan situasjonen forbetrast med nokså enkle grep.

  • Magasin med esker på golv og langs vegger
    1/1
    Magasin før reorganisering Bevaringstenestene

Betre oversyn gjennom fire steg

UNESCOs International Centre for the Study of the Preservation and Restoration of Cultural Property (ICCROM) har utvikla ein metode for å omorganisere museumsmagasin for at gjenstandar og samlingar skal bli betre bevart og få forlenga levetid. RE-ORG metoden består av fire steg. Dei to første er analytiske: ein definerer omfanget av problemet, og kartlegg kva som skal til for å løyse det. I dette ligg ei vurdering av tilstanden på magasinet når det gjeld klima og sikring, men også inventar som hyller, skuffer osb. Ein må også kartleggje kva ressursar ein treng både av mannskap, verktøy og eventuelle innkjøp. I det tredje steget lagar ein planen for ny organisering av magasinet, medan fjerde steg er den praktiske gjennomføringa av planen.

Bevaringstenestene hjelper musea til å gjennomføre lokale RE-ORG-prosjekt. Metoden eignar seg best i tilfelle der lokala i seg sjølv kan vere gode nok, men der det manglar system og oversyn. Mange magasin er så dårlege at einaste løysing er å flytte gjenstandane til eit betre lokale, og i slike tilfelle er ikkje RE-ORG løysinga. Metoden erstattar heller ikkje behovet for nytt fellesmagasin.

Kontakt oss for meir informasjon

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1