Samlingsrådet

Samlingsrådet er eit felles organ for alle dei konsoliderte musea i fylket, og eit diskusjonsforum for samlingsspørsmål.

Samlingsrådet er eit forum der musea kan diskutere problemstillingar knytt til samlingsforvalting. Det vart oppretta i 2015, i samband med utarbeidinga av felles "Samlingsplan for musea i Hordaland 2015-2020". Det består av ein representant frå kvart av dei konsoliderte musea.Etter samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke i 2020 deltek også Musea i Sogn og Fjordane på møta. Møta skal bidra til at ein kan finne gode fellesløysingar på tvers av musea. Det er vanlegvis to møte i Samlingsrådet i året, og det vert kalla inn til fleire møter ved behov.


Leiar i samlingsrådet pr. 2020

Felles samlingsplan for Hordaland

Arbeidet med ein felles plan for samlingane til musea i Hordaland vart sett i gong i kjølvatnet av Musea i samfunnet – Regional plan for museum 2011–2015, der ein slik plan var eit av tiltaka:

Musea i Hordaland skal lage ein felles plan for samlingsforvaltninga, som omhandlar både innsamling og forvaltning av eksisterande samlingar, inkludert kulturlandskap. Museum som er utanfor dei konsoliderte einingane bør også vere med. Tiltaket skal gje ei samla oversikt over samlingane, ein må utvikle system og rutinar for samhandling, og få i stand ei tydeleg arbeidsdeling slik at samlingsforvaltninga vert meir rasjonell. Bevaringstenestene, MUHO, skal ha ei koordinerande rolle.

Musea i samfunnet – Regional plan for museum 2011–2015, s. 53

Les samlingsplanen her: