Insektsanering

I tillegg til konservering og bevaring utfører Bevaringstenestene insektsanering både for museum og private kundar.

  • Skutemodellar blir klargjort for varmebehandling som prosess for insektsanering. (Foto/Photo)
    1/1
    Klargjering for varmebehandling Bevaringstenestene

Frysing eller varmebehandling

Mange kulturhistoriske gjenstandar får skadar som følgje av insektaktivitet. Larvane til treborande insekt kan ete opp store delar av tregjenstandar, og møllarvar kan øydeleggje tekstilar.

Bevaringstenestene brukar frysing eller varmebehandling som metode for skadedyrsanering. Vi frys gjenstandane til -32 grader C i 5 døgn, eller behandlar dei i varmekammer på maksimal temperatur ca. 55 grader (haldetid ca. 1 time), med jamt nivå av fukt i lufta for å hindre oppsprekking i materialet. Oppvarmingsfasen og nedkjølingsfasen skal gå langsamt, så ei varmebehandling tek rundt eit døgn, inkludert lasting og tømming av kammeret. Begge metodane tek livet av alt av egg, larvar og vaksne insekt. 

Gjenstandar plassert på traller i varmekammeret. (Foto/Photo)

Kontakt oss for eit uforpliktande tilbod!

Rettleiing: pakking av gjenstandar for frysing