Hopp til hovedinnhold

Verdibergingsplanar

Oslo Brann- og redningsetat (OBRE) har utarbeidd ein mal for verdibergingsplan. Målet er at malen blir ein standard til bruk i heile landet.

Planen kan lagast for heile museumsbygg, einskilde rom eller for utstillingar, og skal peike på dei prioriterte gjenstandane som skal reddast ut av museet i samband med brann, flaum eller andre kriser. Den kan også forklare korleis gjenstandar må handterast ved evakuering, eller korleis store, tunge gjenstandar kan dekkast til i samband med krisa. 

Bevaringstenestene kan hjelpe musea å lage sine eigne verdisikringsplanar, og samarbeider med Bergen brannvesen for å sikre at planen held høg kvalitet.


Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1